17 artister klare for «100 dagar» på Stord

100 Dagar på Stord er ei showcase og ein møtestad for artistar frå Sunnhordlandsregionen. Det er også eit møtepunkt for festivalar i Sunnhordland og regionen elles. 100 Dagar innheld også seminar og føredrag for festivalar, musikarar og næringsliv.

Vikedal Roots Music Festival er ein av festivalane som er på plass, blant annet for å plukke ut ein av artistane som skal på Rootsprogrammet !

ORBO2014

 

17 band frå Vestlandet klare for 100 Dagar, 20.-21. februar 2015 (Stad: Arena og den Blå time, Stord)

Etter enorm pågang frå artistar frå heile Vestlandet er 100 Dagar stolt av å presentere eit variert og spennande musikkprogram for Musikkbransjetreffet 100 Dagar i 2015, og stadfestar med dette sin posisjon som ein attraktiv nettverksarena for festivalar og musikarar frå Vestlandet. 100 Dagar er ein arena der musikarar får høve til å spele for, og ha direkte møte med beslutningstakande festivalleiarar frå Vestlandet. Dei siste åra har 100 Dagar gjeve mellom 8-14 festivaljobbar for ulike band. Dei aller fleste artistane er valt ut, men framleis vil det kunne dukke opp eit par artistar til.


Til 2015 er følgjande aktuelle artistar klare:

Odin Staveland
Som yngstemann i Vamp har Odin bevist sine låtskrivarkvalitetar med mellom anna “Denne Uro” og no sist superhiten “Liten Fuggel”. Multiinstrumentalisten Odin Staveland har fleire gonger stadfesta at han står fjellstøtt på eigne bein, eit døme på dette er etableringa av Haugesund Popensemble. No er han sprekkeferdig med eige soloalbum og me gler oss til å høyre nye låtar frå ein av våre beste låtskrivarar.
Sturle Dagsland
Sturle Dagsland overlet ingenting til det tilfeldige og alt til fantasien når det kjem til musikken. Ein artist som vågar å gå nye vegar og sprenger grenser i eige musikalsk landskap. Saman med broren Sjur har han turnert Europa på kryss og tvers og hausta lovord for sine energiske og magiske live-framføringar. Her blir musikk til performance og performance til musikk av ypparste sort.

Orbo
Spellemannsprisvinner ORBO er ein av Noreg sine beste artistar innan rock, roots og countryrock. Med sitt band ORBO & the Longshots har Ole Reinert Berg-Olsen holdt trykket oppe i over ti år. No står han heilt på eigne bein og har mellom anna turnert USA med sitt soloprosjekt. I 2014 er han igjen brennaktuell med sitt sjelfulle album Safe & Sound. Dette er ekte «Genuine Handmade Rock’n’Roll!» frå ein ekte Os-gut med føtene planta godt på jorda og blikket festa mot det opne prærielandskapet.

Freak Minority
Freak Minority er eit lovande rockeband frå Stavanger. Det er skranglete engasjert med ein særeigen stil som lovar særs godt frå dette unge bandet. Det er ikkje kvar dag du får høyre band som verkeleg meiner det og som leverer så sterke melodiar som Freak Minority. Kjelder fortel at det er live dei verkeleg får fram energien sin og me håpar du gler deg like mykje som oss til å få oppleve musikken deira frå scena.

Jørgen Sandvik
Jørgen Sandvik har spelt konsertar og gitt ut kritikerroste plater i nesten tjue år. Jørgen er mest kjent som strengemeisteren i Real Ones som han har reist verda rundt med; fått Spellemanspris, TONOs Edward pris, By:larm-prisen med, for å nemne noko. Han har også medverka på plater med kjente namn som Sigrid Moldestad, Sondre Lerche, DeLillos, Ole Paus og Kaizers Orchestra. Blant musikarar og bransjefolk er Jørgen anerkjent som ein våre leiande gitaristar – eit unikt talent. No satsar han solo med sitt musikalske hjertebarn; bluesen.

Seven Impale
Seven Impale er eit progressivt jazzrock-band fra Bergen. Debutalbumet frå september i år, «City of the Sun», hausta fantastiske kritikkar i inn- og utland og vart i november 2014 framheva i verdas største progblad, Prog Magazine. Bandet framstår endå meir fantastisk live enn i musikkspelaren og klarar å formidle den til tider særs kompliserte musikken sin med intensitet, kraft og ein sjeldan sans for leik.

Palmface
Palmface leverer feelgood slacker-rock med vekselvis 60- og 90-talsreferansar. Dei har allereie overbevist By:larm-juryen og blitt plukka ut til å spele der. Dei har vore Ukas urørt på P3 og me er sikre på at dei også vil overbevise 100 Dagar-publikummet med tøffe låtar og høg musikalsk kvalitet.

D’AccorD
D’Accord har spela på 100 Dagar før og leverte då ein konsert som sendte dei rett til Hovefestivalen. Sidan den gongen har dei gitt ut ikkje mindre enn to kritikarroste album og er no i gong med eit tredje. Me er særs spente på kva dei har trylla fram denne gongen, og har forventningar om å bli overraska av D’AccorD nok ein gong.

Frøder
Frøder sin musikk er både indie og pop med massive refreng der du kan høyre høge vestlandsfjell og vindfulle havgap. Katrin Standnes er frå Bergen og har lenge vore sett på som eit friskt pust i den norske artistfloraen. Frøder er allereie godt kjent for låta Stockholm Syndrome som ho skreiv saman med CLMD, ein av Noregs mest spelte songar i 2013. No jobbar ho med eiga debutplate og førebur fleire konsertar i 2015. Me er særs stolte av at 100 Dagar blir eit av dei første stoppa på vegen.

Fay Wildhagen
Fay Wildhagen er eit sjeldant talent som har fått høve til spele på Slottsfjell og Øyafestivalen og innfridd til det fulle for sine live-framføringar. Ho har hausta lovord frå eit samla kritikerkorps og singelen «We are» har verkeleg fått folk sine auge opp for dette unike låtskrivartalentet. Mykje er på gang for unge Wildhagen og bandet hennar, og me har tru på at 2015 blir eit stort år for denne lovande gjengen.

Silja Sol
24 år gamle Silja Sol fra Bergen er superaktuell med si nye plate “På hjertet”. Hennar sjelfulle og ærlige tekstar er utan filter, akkurat slik musikken hennar også er. Slik Bergenfest presenterer ho: Visepop i punkformat. Ho er utan tvil eit av dei største låtskrivartalenta me har og me gler oss til å oppleve ho i konsertformat.

Still Shaking
Still Shaking spelar melodisk skatepunk med catchy sing-alongs og vokalharmoniar som om dei skulle vore snytt ut av California på midten av 90-tallet. Bandet held til i byen mellom dei sju fjell; og såg verdas lys i 2011. Bandet blei fort tatt under vengene av meir etablerte band rundt dei, og i 2012 slapp dei sin første singel «I can’t sk8» på Loyal Blood Records. Still Shaking slår et slag for den gode, gamle, amerikanske collegepunken.

Maria Toresen
Den stavangerbaserte musikaren og låtskrivaren Maria Toresen tok i 2013 sangane ho hadde skrive på alvor, og starta satsinga på ein karriere som artist. Halvanna år seinere, med 40 spelejobbar bak seg, er ho blitt ei kjent stemme i Stavanger og ein respektert musikar. Dette er ein artist Stavanger har tru på. Sjangermessig held musikken seg i eit pop/roots/americana-landskap; der gode melodier, nære tekster og vakre harmoniar alltid gjer seg til kjenne.

The Well
The Well er ei gruppe unge menn som læt som ein mix mellom Arcade Fire og Coldplay, og som samstundes klarar å låte særeigent og unikt. Deira første singel “Separate Ways” har blitt skildra som storslått, emosjonelt og kraftfullt. The Well kan bli det neste store frå musikkmiljøet i Bergen.

Pokal
Pokal er bandet som i løpet av kort tid vart Månadens Urørt, fekk spelejobb på Klubb Øya og som slapp låta som har blitt streama over 470 000 gonger på Spotify, «For deg tusen ganger til». Dei har blitt lista på P3 i flere månader, og har blitt eit band som er umulig å forhalde seg likesæl til. Pokal kjem med debutalbumet sitt på nyåret.

Elsa & Emilie
Elsa & Emilie har spela saman sidan dei var 13 år då dei traff kvarandre i Haugesund. Debutalbumet «Endless Optimism» har fått lovord i mange hovudstadsaviser og fleire av låtane på albumet er allereie lista på P3. Elsa & Emilie har hatt eit hektisk år med mellom anna opptreden på By:larm, VG-lista Rådhusplassen, Lindmo, Sommertid og God morgen Norge, og får mykje merksemd for sin særeigne “sound”. Musikken deira blir ofte samanlikna med First Aid Kit.

Hjerteslag
Hjerteslag er fem musikarar frå punkmiljøet i Bergen som lagar gitarbasert pop med norske tekstar, inspirert av band som Broder Daniel og Ebba Grön. Hjerteslag fekk strålande meldingar for konsertane sine på By:larm i 2014 (“Det beste rockebandet på By:larm”, Klassekampen), og er av mange omtala som arvtakarane til John Olav Nilsen & Gjengen. For tida er dei aktuelle med ny singel, “Ikkje tenk på det”.

Hjerteslag3