Frivillig

Vil du vera med på å bidra til Vikedal Roots Music Festival? Me treng frivillige som kan vera med på festivalen. For ei sekstimars vakt får du i gjengjeld eit dagspass (som gjeld HEILE dagen), og for ei 12-timarsvakt (eller fleire mindre vakter) får du eit heilt festivalpass. Vaktene våre kan før festivalen, under festivalen og etter festivalen.

Døme på ulike område ein kan arbeida som frivillig er bar, sekretariat, backstage, kjøkken, artistvert, vakthald, opp/nedrigg, ryddevakt, dekorasjonar, elektrikarvakt og mykje meir.

På vårparten 2018 er det også planlagt ein internfest for dei som melder seg som frivillige på festivalen, så her er det berre til å melda seg opp 🙂

Ingen festival utan frivillige!

 

Send ei melding i skjemaet under (eller e-post til frivillig@rootsfestival.no) og fyll inn;

– kva dag/tid ynskjer du å jobba?
– kor lenge ynskjer du å jobba? (6 timer, 12 timer er standard vakttid)
– kva ynskjer du helst å gjera?

6 timer vakt gir deg 1 gratis kveldsbillett, og 12 timer vakt gir deg gratis festivalpass. Du betalar eit mellomlegg dersom du jobbar mindre og ynskjer å kjøpa for meir enn du får betalt.

 

Ditt navn (obligatorisk)

E-post (obligatorisk)

Emne

Melding