Båthavn

Vikedal Båthamn har 200 meter gjestebrygge og servicebygg  med toaletter, dusj og vaskemaskin.  Straumuttak til båtar, samt trådløst nettverk.

http://www.vikedal-baathavn.no/

 

Festivalgjester som kjem med båt må løyse festivalbillett ved adkomst båthamna. Samtlige personar ombord i båten må kjøpa billett.
Me gjer oppmerksam på at hamneavgifta ikkje er inkludert i billettprisen for 2020.

Kjem du med båt torsdag/fredag er billettpris pr person i båten kr. xxxx, som gir festivalpass.
Kjem du frå laurdag morgon er billettpris pr person i båten kr. xxx, som gir laurdagspass.

 

Luftfoto mindre

 

Velkommen til Vikedal Båthamn

Vikedal  Båthavn ligg innerst i Osavika ved sida av utløypet til Vikedalselva. Når du kjem inn i hamna, ligg gjestebrygga rett fram.
Me har eit nytt og topp moderne servicebygg med toalett, dusj og vaskerom.

Betaling; kontanoppgjer i betalingskasse på vegg i servicebygget. I høysesong vil det i periodar vere hamnevert som krev inn betaling.

  • Det er tilgang til straum og vatn ved alle brygger.
  • Offentleg barnevennleg badestrand ved sida av hamna.
  • Det er ca 200 meter  inn til sentrum. Her er det to daglegvarebutikkar, post i butikk, medisinutsal, minibank og gatekjøkken.
  • Vikedal kan og by på fiske i fjellvatn og elv. Me anbefal ein sykkeltur opp Vikedalsdalen, med elva som svinger seg  nedover den fine dalen. Her vil de og finne Vikedal Motorbane, Låkafossen med sitt karakteristiske låk, og øverst oppe Fjellgardsvatnet som Vikedalselva renn frå. Vegen frå hamna til enden av dalen er 16 km lang, og ender opp på Roaldkvam.