Minnekonsert for Anton Holten

Den 23. september i haust mista familie, venner og sambygdingar Anton Holten i ei ulukke i Bergen.
Anton har vore med i dugnadsarbeidet før, under og etter festivalen i fleire år, og ikkje lenge før han omkom hadde han til og med sagt ja til å vera med i styret.

Etter innspel frå tidlegare leiar, Anne Cecilie Berntsen, blei det diskutert moglegheita om å arrangera ein minnekonsert for å heidre Anton.
Med støtte frå familien tok Øyvind Blikra i roots-styret denne ideen vidare, og det blei avgjort at dette skulle me vera med på.

Målet med minnekonserten er å gi dei etterlatne – anten det er familie, venner, sambygdingar eller andre som har kjennskap til Anton, ein moglegheit til å minnast Anton i eit slikt lag me trur han ville ha likt. I tillegg ynskjer me å oppretta eit minnefond i Anton sitt namn, som skal resultera i to prisar kvart år. Den eine prisen går til ei ildsjel, som me meiner Anton var. Den andre prisen går til eit ungt musikartalent innanfor roots-sjangeren, som speglar Anton sin innsats for Rootsen i mange år.

Minnekonserten blir arrangert laurdag 17. februar, den siste helga i vinterferien.
Ut over kvelden kjem Tom Roger Aadland, Elisabeth Kristensen, Pakkers og FYK på scena og spelar for oss, som alle stiller opp gratis for anledningen.

Dørene opnar 1800 og stengjer ca 2330.
Aldersgrense er sett til 18 år og inngangsprisen til 250,-
Alle inntekter frå kvelden går til minnefondet.
Billettar kan kjøpast på Joker i Vikedal og på Shell i Sandeid (berre kontantar på sistnemnde).

Me håpar du har lyst til å komma og minnast Anton med oss.