Odd Nordstoga!

Endeleg kjem Odd Nordstoga tilbake til Vikedal! Han har vore hjå oss to gonger før (i 2005 og 2011), og det er i grunnen ikkje nok.

Over nyttår kjem han med eit flunkande nytt dobbeltalbum, og forhåpentlegvis får me høyra både smakebitar frå desse albuma og dei tidlegare albuma gjennom konserten som blir laurdag kveld 14. juli.