The Waterboys til Vikedal

Første headliner ut er The Waterboys! The Waterboys, med Mike Scott i spissen, er eit irsk/skotsk folkrockband stifta i Edinburgh i 1983. Dei var i Vikedal så tidleg som i 2001, det tredje året rootsen blei arrangert i bygda. Med songar som «The Whole of the Moon» og «Fishermans Blues» blir det utan tvil god stemning i teltet. Dei spelar på fredagkvelden, så sett av fredag 13.07.18! Billettar finn du på Ticketmaster sine sider: http://bit.ly/2iMWE3A