Anton Holtens minneforening

Den 23. september 2017 mista familie, venner og sambygdingar Anton Holten i ei ulukke i Bergen.
Anton har vore med i dugnadsarbeidet før, under og etter festivalen i fleire år, og ikkje lenge før han omkom hadde han til og med sagt ja til å vera med i styret.

Etter innspel frå tidlegare leiar, Anne Cecilie Berntsen, blei det diskutert moglegheita om å arrangera ein minnekonsert for å heidre Anton. Med støtte frå familien tok Øyvind Blikra i roots-styret denne ideen vidare, og det blei avgjort at dette skulle me vera med på.

Minnekonserten blei arrangert 17. februar 2018, og Tom Roger Aadland, Elisabeth Kristensen, Pakkers og FYK spelte. Samstundes blei Anton Holtens Minneforening oppretta.  Inntektene frå kvelden blei nytta til å starta ei prisutdeling av to prisar. Den eine prisen går til ei ildsjel, som me meiner Anton var. Den andre prisen går til eit ungt musikartalent som speglar Anton sin innsats for Rootsen i mange år.

I 2018 fekk det lokale bandet FYK og Kjell Bjelland frå Djerv 1919 sitt HC-lag prisane. Så lenge det er økonomi til det vil det bli delt ut to prisar kvart år laurdag dag på Rootsen. Kvar pris består av ein sjekk på 10.000 kroner som kan nyttast slik ein vil. For påmelding til prisane, sjå skjema lenger nede.

Vedtektene til minneforeninga kan du lesa her.

Påmelding til prisane skjer gjennom kontaktskjema under, med søknadsfrist 10. juni.