
Bjørn Berge Electric Band
laurdag – 15:30 – båthamna
Bjørn Berge er vel kjent for dei fleste som noko av det ypperste me har av bluesartistar i Norge. Etter mange år som soloartist, er det nå klart for et nytt prosjekt i regi av Bjørn Berge. Denne gangen med eit utvida lydbilde også live, då han nå har med seg både trommer og bass med ut på vegen. Dette gir låtene eit endå breiare og vidare spekter og trioen utfyller kvarandre til det ytste på scenen.