
TORA
FREDAG – 23:00 – Båthamna
TORA er eit fyrverkeri av eit band med Norges nye gitarheltinne Tora Dahle Aagård i spissen. Ho gjer seg stadig bemerka med sitt unike talent, virtuositet, energi og leikne musikalitet, og bandet haustar panegyriske anmeldingar for sine liveshow. TORA spelar bluesinspirert pop-rock og slapp i 2019 sitt sjølvtitulerte debutalbum, omtalt av Dagbladet som ein «Lovande debut frå ny, kvinneleg gitarhelt».