Bilde av lysenuten

Gratis konsert på Lysenuten

I år inviterer Vikedal Roots Music Festival til gratis konsert med Pakkers og FYK på fjelltoppen Lysenuten, fredag 15. juli.

Verdspremiere på Vikedal Roots Music Festival – Pakkers konsert på toppen av Lysenuten

— Dette har aldri nokon prøvd på før, dette blir tøft, seier Øyvind Blikra.

Blikra har lang fartstid i Vikedal Roots Music Festival, men aldri før har han invitert til gratiskonsert på toppen av ein nut. Fredag 15. juli, klokken 13.30-15.00 blir det konsert med dei lokale banda Pakkers og Fyk på toppen av Lysenuten, som faktisk tronar 812 moh.

Øyvind Blikra. Foto: Linn-Henny Andersen

Blikra oppfordrar flest mogleg til å få med seg denne heilt spesielle konserten.

— Det blir ein fullkonsert med bandet Pakkers. Bandet Fyk skal og opne konserten med tre sangar frå deira nye album som blei gitt ut i april.

— Me oppfordrar alle til å velje turløype frå skytebanen i Vikedal. Det blir ei godt merka løype som tek om lag to timar kvar veg. For å ivareta tryggleiken blir arrangementet alkoholfritt, slår Blikra fast.

Han er spent på kor mange som tar turen opp, og håpar flest mogleg nyttar sjansen for å kombinere ein flott topptur med ein majestetisk konsert.

— Me valde å gjere dette til ein gratiskonsert, eg tenkjer dei som tar turen opp skal få musikken som betaling, seier Blikra og smiler.

Pakkers. Foto: Økland Foto.

— Det er jo ein litt sprø ide, men Sveinung Bjelland i Pakkers var med ein gong eg ringde og føreslo dette. Eg trur det blir ei kjempeoppleving, og det er god plass på toppen, eg er sikker på at me har plass til minst 5-600 besøkjande.

Blikra har ansvar for alt teknisk på Roots-festivalen, og gler seg til å ta fatt på den litt omfattande logisitikken for å kunne arrangere konsert i fjellheimen.

— Det er faktisk 750 kilo med utstyr som skal fykast opp med helikopter, så eg er spent på korleis me får det til. Men blir det for dårleg vér har me ein god plan B, lovar Blikra som faktisk har stilt på dugnad på festivalen heilt sidan 1999.


PÅMELDING
https://www.facebook.com/events/763020271357151

SPONSOR: 

Knapphus Kjøkkensenter Logo
Vats Lakkering logo