Folkemusikk på programmet! Dublin Legends og Wolfstone !

Dublin Legends er tidlegare kjendt som The Dubliners. I 2012 feira dei utrulege 50 år som eit av Irsk folkemusikk sine alle største og mest suksessrike band. Dei har spelt i Vikedal tidlegare og publikum gjev uttrykk for at dei er ynskjer dei tilbake.

Eit anna band som også har spelt på festivalen tidlegare er det skotske bandet Wolfstone.
Dei spelar musikk frå Highlandtradisjonen kombinert med tradsjonelle songar frå folkemusikken. Bandet har gjeve ut heile 7 studioalbum. Bandets noverande besetning er utan tvil den beste til no og gjev oss ein spanande blanding av elektriske og akustiske intrument framført med ein fantastisk innlevelse. Dette er eit unikt band som me gler oss til å høyre i Vikedal til sommaren.

11187391_10152846788586463_2266685069688193745_o