FRIVILLIG

Vil du vera med på å bidra til Vikedal Roots Music Festival? Me treng frivillige som kan vera med på festivalen. For ei sekstimars vakt får du i gjengjeld eit dagspass (som gjeld HEILE dagen), og for ei 12-timarsvakt (eller fleire mindre vakter) får du eit heilt festivalpass. Vaktene våre kan arbeide før festivalen, under festivalen eller etter festivalen.

Døme på ulike område ein kan arbeida som frivillig er bar, sekretariat, backstage, kjøkken, artistvert, vakthald, opp/nedrigg, ryddevakt, dekorasjonar, elektrikarvakt og mykje meir.

Ta kontakt med dei som er sett som ansvarlege for dei ulike områda du vil arbeida på, eller send melding til oss på Facebook: https://www.facebook.com/Rootsfestival/

– kva dag/tid ynskjer du å jobba?
– kor lenge ynskjer du å jobba? (6 t er standardvakt)
– kva ynskjer du helst å gjera?

6 timer vakt gir deg 1 gratis kveldsbillett, og 12 timer vakt gir deg gratis festivalpass. Du betalar eit mellomlegg dersom du jobbar mindre og ynskjer å kjøpa for meir enn du får betalt.